Gravferdslova §1 understrekar at gravlegging skal skje med respekt for den avdøde sin religion eller livssyn. Dette tyder at alle har krav på likeverdig handsaming, uavhengig av kva for trus- eller livssynsamfunn ein høyrer til.
I Sogndal kommune er Sogndal kyrkjelege fellesråd offentleg gravferdsmyndigheit og tilbyr eit likeverdig tilbod av tenester til ALLE innbyggarar: Kistegravlegging, kremasjon og andre tilhøve ved gravplassen (urnenedsetjing, gravminne, gravstell, gravregister, feste av graver osb).
Dei fleste av dei offentlege gravplassene i Noreg vert forvalta av Den norske kyrkja ved kyrkjeleg fellesråd i den aktuelle kommunen, men gravplasslova opnar også for at kommunen kan ta over ansvaret som gravplassmyndigheit . Dette er tilfelle i seks kommunar i Noreg: Oslo, Bærum, Sandefjord, Modum, Vennesla og Gjesdal.