Syng med Atle Pettersen: Prosjektkor for 4. - 7. klasse


Syng med Atle Pettersen: Prosjektkor for 4. - 7. klasse


I haust lagar vi til eit prosjektkor for deg som går i 4. - 7. klasse. Avslutninga på prosjektkoret vert konsert saman med Atle Pettersen i Stedje kyrkje tysdag 9. desember.

Prosjektkoret passar for deg som går i 4. - 7. klasse, og som er glad i musikk. Det er i utgangspunktet for born busett i Sogndal kommune, men born frå våre nabokommunar er også hjarteleg velkomne til å vere med.

Øvingane vil vere på Stedjetunet, og nokre få gongar i  Stedje kyrkje, annankvar torsdag frå 4. september, og vil vere frå kl. 18.00 - 19.30. To av øvingane vert lagt til laurdagar (8. november og 6. desember).

Prosjektkoret jobbar fram mot konsert saman med Atle Pettersen tysdag 9. desember, men vil også vere med på LysVaken i Stedje kyrkje 9. november.

Kantor Hallgeir Øgaard Westli vil leie prosjektkoret saman med trusopplærar Birte Husum.

Det kostar kr. 100,- pr born å vere med på prosjektkoret.

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med Hallgeir Øgaard Westli.

Øvingsplan finn du under eller i denne pdf-filen:

Tilbake