Flaumlysa ved Leikanger kyrkje er gamle og utdaterte og har diverre ein del feil det ikkje løner seg å reparere
Det vert arbeidd med å få på plass nye flaumlys – og då også lys på undersida av kyrkja slik at det skal bli enklare å gå der etter at det har vorte mørkt. Gravplassen rundt kyrkja er frå mellomalderen og det må søkjast om løyve til å få grave grøftene som skal til for å få montert nye flaumlys. Det kan difor ta noko tid før nye flaumlys er på plass. Vi beklagar dette!