Skulestartgudstenester 2025


Skulestartgudstenester 2025


Sommarferien er snart over, og det nærmar seg skulestart med raske steg. Nokre er meir spente enn andre. Dei som skal byrje i første klasse kanskje mest av alle? Kyrkja i Sogndal vil feire skulestarten og alle seksåringar vert inviterte til Stedje, Leikanger og Kaupanger kyrkje, der dei får seksårsbok/arbeidshefte. 

Skulestartgudstenestene hausten 2025 vert: 

  • Stedje kyrkje: Søndag 17.8. kl. 11.00. 6-åringane får seksårsboka og arbeidshefte.
  • Leikanger kyrkje: Søndag 17.8. kl. 17.00: 6-åringane får arbeidshefte. Dei som ikkje fekk seksårsboka til påske kan få den no. 
  • Kaupanger stavkyrkje: søndag 24.8. kl. 11.00: 6-åringane får seksårsboka og arbeidshefte. Det er også presentasjon av konfirmantane i denne gudstenesta. 
  • Fjærland og Norum har hatt utdeling tidlegare. 

Dei som er medlem i Den norske kyrkja eller har trusopplæringsabonnement får invitasjon i posten, men alle som vil er velkomne. Det vert mykje song og me skal høyre forteljing frå Bibelen. Seksåringane og skulestarten blir bedt for og me tenner lys i lag.Til lukke med skulestarten!! 

 

Ved spørsmål, ta kontakt med leiar i trusopplæringa Birte Husum, tlf. 94798799 eller BH278@kyrkja.no

Tilbake