Dette året vil me gi deg anledning til å reflektere over viktige spørsmål i livet, kven du er og kva du står for. Dette vil me gjere gjennom aktivitetar, undervisning og deltaking der du som konfirmant kan bli betre kjent med den kristne trua og deg sjølv.
Informasjonsbrosjyre i PDF
Kva gjer me i løpet av dette året?
- Individuelle samtalar
- Temasamlingar
- Skaparverksturar (ein ettermiddag)
- Gudstenester, både som medhjelpar og deltakar
- Leir
- Konfirmantdagar laurdag/søndag
- Fasteaksjon
- Konfirmasjonsdagen
- Konfirmanthelg på Lyngmo
I slutten av januar/byrjinga av februar er det konfirmantleir på Lyngmo. Leir er garantert eit høgdepunkt i konfirmanttida. Her er det mykje gøy som skjer. Vi har aktivitetar ute og inne, undervisning og underhaldning. Denne er felles med dei andre sokna, og alle vert fordelt på to helger. Desse helgene er 23.-25.januar og 30.januar-1.februar.
Temadagar
I løpet av året har me to temadagar knytt til helg også, frå 10-14, der me samlar alle konfirmantane frå Stedje, Kaupanger, Fjærland, Norum og Leikanger. Den første er søndag 14. september, for å starte året saman, og den andre er laurdag etter påske (11. april).
Spond
Me nyttar spond til å kommunisere med både konfirmantar og føresette. Det er ein app du kan laste ned på mobilen din, og gir ein grei oversikt over aktivitetane ein skal vere med på. Dersom ein ikkje vil ha spond-appen, får ein likevel tilsendt all informasjon på e-post.
Der finn de undervisningsdatoane og andre arrangement iløpet av året.
VIKTIG: Hugs difor å registrere konfirmanten sin kontaktinformasjon, samt dykkar eigen i påmeldinga!
Annan informasjon som gjeld konfirmantgruppa finn de også der.
Konfirmasjonsdagen
Dette er den store dagen der du vert konfirmert!
Konfirmasjon 2026 i Ølmheim kyrkje søndag 3. mai 2026.
Konfirmantkalender
Konfirmantkalender ligg på heimesida vår. Det er den som til ein kvar tid er oppdatert og gir deg oversikt over aktivitet framover. Her kan du velje sokn og få oppdatert informasjon frå ditt sokn. Denne kan du legge til kalenderen din på PC eller mobil: Konfirmantkalendar, Norum sokn (Google Calendar)
Eigenbetaling
De betalar ein eigendel på kr. 1.500,- for ymse utgifter. Dette inkluderer mellom anna leir. Soknerådet dekkjer resten av kostnadane med konfirmantåret som ei gåve frå kyrkjelyden. Det er mogleg å betale med kort ved påmelding eller få faktura/dele opp betalinga. Har du spørsmål eller utfordringar rundt betaling, kontakt kyrkjekontoret.
Tilrettelegging
Er det noko vi bør vite om, til dømes behov for tilrettelegging etc., er det viktig at de melder frå om dette. Du kan skrive det i kommentarfeltet ved påmelding eller kontakte kyrkjekontoret. Alle opplysningar vert handsama etter gjeldande personvernreglar.
Oppstartssamling
Oppstartsamling for konfirmantar og konfirmantforeldre i
Stedje, Norum og Fjærland sokn 20.august 2025 kl. 19.30 i Stedje kyrkje. Me tek ei felles oppstartssamling for konfirmantar som går på Kvåle skule saman med foreldra deira. Då får de meir informasjon om:
- Konfirmantåret 2025/2026
- Kommunikasjon
- Foreldreinnsats
- Konfirmasjonsdagen
Påmelding
Påmelding skjer via dette skjemaet: Påmelding, konfirmant Norum
Det er viktig at føresette er med og melder på. Ein kan melde seg på undervisninga sjølv om ein ikkje er døypt, men ein må vere døypt for å konfirmere seg. Det kan ein gjere i løpet av konfirmantåret. Ta kontakt om dette er aktuelt for deg!
Påmeldingsfrist: 13. august 2025
SPØRSMÅL?
Sogndal kyrkjekontor kan svare på spørsmål du har om konfirmantopplegget og påmelding:
Tlf: 57 67 99 85
E-post: konfirmant.sogndal@kyrkja.no
Adresse: Postboks 180, 6851 Sogndal
Besøksadresse: 2. etg. Stedjetunet, Kyrkjevegen 6