Kvamsøy kyrkje 750 år - feiring i pinsehelga 6.- 8. juni


Kvamsøy kyrkje 750 år - feiring i pinsehelga 6.- 8. juni


Balestrand sokneråd ved jubileumsnemnda inviterer alle til å vere med og feire at det er 750 år sidan Kvamsøy kyrkje vart reist, og det vert program heile helga som kulminerer i jubileumsgudsteneste søndag 8. juni kl.12.00 der Biskop Ragnhild deltek.

Program for helga:

FREDAG 6. juni

  • kl. 17.00 Kunstutstilling i "Privaten" på Kviknes Hotel med lokale kunstnarar i Balestrand og opning av jubileumshelga ved soknerådsleiar Kristin H. Eilifsen. Song av Sissel Marie Frøyland.

LAURDAG 7. juni

  • kl. 12.00 Pilegrimsvandring mot Kvamsøy på fastlandet. Start frå fyrste svingen i Saurdalvegen. Påmelding til Kjetil Netland m. 476 28 555.
  • Frå kl. 13.00 og utover: Høve til båtskyss til Kvamsøy der ein kan gå to ny stiar, mellom anna ein heilt ny til Olavskjelda. (Båtskyss kr 60 t/r for vaksne over 16 år, born går gratis). Dersom ein skal på konserten kl.17.00, er båtskyssen inkludert i billetten.

PS! Det er fint å nyte medbrakt nistemat på «øyna» eller på friluftsområdet på fastlandet (der ein også kan grille).

  • 14.30 Avduking av kunstverk av Geir Hjetland på friluftsområdet.
  • 17.00 Jubileumskonsert i Kvamsøy kyrkje med Eyolf Østrem (gregoriansk song), Dordi Boksasp Lerum (folketonar) og Hallgrim Skjerdal (hardingfele). Konserten kostar kr 300 (inkludert båtskyss). Bilettsal på Kvamsøy kai frå kl. 16.00, evt. også i døra.

SØNDAG 8. juni - PINSEDAG

  • kl.10.30 Båskyssen startar å gå i skytteltrafikk fram til gudstenesta startar. kr. 60 t/r for vaksne over 16 år. Born gratis.
  • kl.12.00 Jubileumsgudsteneste ved sokneprest Runar Matsui-Li og biskop Ragnhild Jepsen m.fl. Balestrand Songlag deltek med song. Jubileumsoffer til Balestrand kyrkjelyd.
  • Orientering om veggmåleria og anna inventar i Kvamsøy kyrkje etter gudstenesta for dei som ynskjer det.
  • Etter gudstenesta vert det feiring med betasuppe, kaffi og kaker på Kvamsøy friluftsområde på fastlandet: kr. 100 over 16 år. Born gratis.
  • Foredrag ved Rasmus Sunde om Kvamsøy kyrkje og øya i eit historisk perspektiv.
Tilbake