Grunna renovering av orgelet i Ølmheim kyrkje vert kyrkja stengd frå måndag 5. mai og ut månaden.
Kyrkjeorgelet i Ølmheim kyrkje treng ei oppgradering og renovering, slik at me har eit godt kyrkjeorgel i mange år framover. Ein orgelbyggjar frå Nederland skal gjere jobben, og set i gang måndagen etter konfirmantane i Norum sokn har hatt sin festdag.
Me tek sikte på at arbeidet er ferdig i løpet av mai.
Ved eventuelle gravferder i Norum sokn i denne perioden vil det vere seremoni i ei av nabokyrkjene, Stedje eller Leikanger, og køyring for eventuell gravfesting på Ølmheim.
Soknerådet er glade for all støtte til orgelrenoveringa! Dette kan ein gje til Vippsnummer 560399.